Tenester

Med lang fartstid i yrket har eg allsidig kompetanse som snikkar/montør og kan hjelpa til med:

Skreddarsaum av møblar

Treng du til dømes ein reol eller eit hyllesystem tilpassa ein “vanskeleg” vegg med skråtak eller vindauge, ordnar eg dette.

Montering av kjøkkeninnreiing

Tilpassing og montering av alle kjente kjøkkenmerke, anten det er snakk om tradisjonelle kvalitetskjøkken i heiltre eller eit moderne designkjøkken. Eg kan også konstruere unike kjøkkenløysingar i heiltre, heilt etter dine idéar!

Møbelsnikring

Eg konstruerer kvalitetsmøblar som er stødige og slitesterke – Sei i frå dersom du ynskjer eit flott nytt salongbord, spisebord eller liknande!

Reparasjon og vedlikehald av heiltre benkeplater

Ikkje alt som er gammalt treng bytast ut! Slitt og skada treverk kan i mange tilfelle behandlast og gjerast fint igjen.

Andre tenester

Fell ikkje oppdraget ditt innanfor kategoriane ovanfor? Ta likevel kontakt. Om eg ikkje kan hjelpa deg sjølv, tek eg kontakt med flinke og pålitelege fagfolk.