Om meg

Eg byrja som snikkar i 1974 hos Vincent P. Heggland tredreieri, då som underleverandør av dreia møbeldelar til industrien i Hordaland. I 1984 tok me til med produksjon av kjøkken og innreiingar.

I 1986 fekk eg meisterpapira.

I 1992 tok eg fagbrev som industrisnikkar og tre år seinare, i 1995, starta eg for meg sjølv. Dei første åra dreiv eg konsulentverksemd innan HMS. internkontroll og kvalitetssikring, før eg tok til med innreiingsarbeid i 1997.

Eg hadde deretter stilling som leiar for Opplæringskontoret Tre og Møbel i 2 år.

Etter den tid er det innreiingsarbeid som har vore viktigast. No går det for det meste i montering av kjøkken, der eg har vore innom dei fleste merke som er i marknaden.

Bedriftsforbundet

Mesterbrev